Ansvarsdeling styret – arbeidsutvalet – særgruppene Styret • Styret er laget sitt høgaste organ mellom årsmøta • Styret er overordna organ for alle grupper, nemnder og utval • Styret skal vere samansett i samsvar med lova, og består av arbeidsutvalet og leiar i kvar særgruppe • Styret har overfor årsmøtet det overordna og samla ansvar for alt arbeid i laget, og for at årsmøtevedtak vert følgd opp • Styret er hovudansvarleg for utarbeiding av årsmelding, rekneskap og revisjonsmelding • Styret er etter oppdrag frå AU ansvarleg for å drive idrettsskule og for oppfølging av barneidrettsreglar • Styret skal etter forslag frå AU vedta å rullere idrettslaget sine plandokument (t.d. organisasjonsplan og sportsleg plan) Arbeidsutvalet (AU) • AU står for den daglege leiing og drift av laget • AU er samansett av leiar, nestleiar, sekretær og tre styremedlemer • Sjå til at vedtak, pålegg og interne rutinar blir følgd opp i alle grupper og nemnder • Vurdere behov for endringar i organisasjonsplan, handlingsplan og anleggsplan • Samordne laget sitt utdanningsbehov Gruppene • Jamfør målsetjingar og lover for laget • Ansvar for praktisk tilrettelegging av sportsleg aktivitet i laget • Vurdere utstyrstrong og melde dette til arbeidsutvalet • Organisere eigne arrangement • Drive aktiv rekruttering • Levere aktivitetstal etter gjeldande reglar • Følgje retningslinjer og rutinar for økonomistyring • Utarbeide årsplan og budsjett for gruppa som skal leverast styret • Levere årsmelding til styret • Vere ansvarleg for utdanning av trenarar og leiarar etter eigne behov • Delta i inntektsgjevande arrangement for arbeidsutvalet og syte for å følgje opp nettobudsjettet vedteke av årsmøte • Ta initiativ til samarbeid med andre grupper i laget om t.d. treningstiltak • Ta initiativ til samarbeid med andre lag. Samarbeidsavtaler skal avklarast med styret • Delta på felles arrangement med andre lag/organisasjonar etter avtale med AU • Materialforvaltning • Jamleg kontakt med media og informasjon ut av gruppa 4
Last ned PDF-fil