Overordna mål Breimsbygda idrettslag skal gje eit breitt og allsidig idrettstilbod til barn, ungdom og vaksne i bygda. Laget skal legge vekt på å utvikle eit godt sosialt miljø der alle generasjonar trivst, og gje plass til å utvikle utøvarar på eit høgt prestasjonsnivå i heimemiljøet. Grunnleggande verdiar: Laget byggjer sin aktivitet rundt verdiane: • Glede • Fellesskap • Helse • Fair Play Idretten i Breimsbygda idrettslag står for: • Den spontane idrettsgleda • Dei ærlege meiningane • Den gode helsa • Det sosiale fellesskapet • Det trygge, oppdragande miljøet • Den samansveisande dugnadsånda • Den opne idretten – idretten for alle Klubbide: • Gje eit idrettstilbod til alle ut frå eigne føresetnader – også dei beste • Vere eit trygt og godt oppvekstmiljø • Vere eit sosialt miljø som stimulerer til personleg vekst for aktive, leiarar og medlemer Klubbvisjon: • Idrett for alle 2
Last ned PDF-fil