Leiaren har ordet Eit år går fort og dei fleste åra kjem på rekkje og rad utan at det eine året skil seg nemneverdig ut frå dei andre. Året 2020 vil derimot huskast av alle – også i idrettslagssamanheng. Å drive idrettslag under ein global pandemi har ingen av oss gjort før. Difor har vi av og til kjent oss på vaklande grunn i høve til ulike arrangement og til trenings- og konkurranseaktivitet. Nokon meiner at vi har redusert aktiviteten for mykje og for tidleg. Andre meiner at vi har redusert for lite og for seint. Eg får meg likevel ikkje til å bli så veldig frustrert over at mange meiner noko om det det arbeidet vi legg ned. I grunnen hadde eg blitt meir frustrert dersom ingen brydde seg. I det store og det heile trur eg vi har takla situasjonen til bestått so langt, om eg må få lov å sei det sjølv. I den perioden alt var stengt ned, kjende vi eit spesielt ansvar for dei utøvarane som var på nasjonalt nivå, og som ikkje lenger fekk lov til å nytte vande treningsfasilitetar. Dette løyste vi ved å «låne» ut utstyr frå treningsstudioet vårt til dei utøvarane som satsa hardt i sin idrett. Sjølv om vi ikkje har hatt mykje smitte i vårt lokalmiljø, må vi framleis passe på og følgje smittevernreglane. Samstundes må vi ikkje gløyme at helse er noko meir enn fråvær av fysisk sjukdom. Det at mange kjenner seg isolerte og kanskje einsame, kan i seg sjølv bli eit stort helseproblem. Difor er det no enno viktigare at vi kjenner omsut for kvarandre, at vi ser kvarandre og strekker ut ei hand når vi ser at nokon har det vanskeleg. Det skal ikkje alltid så mykje til. Eit smil, eit hei eller ei vennleg melding, betyr meir enn vi trur. Om ikkje anna har denne pandemien vist oss kor viktig sosiale relasjonar er for oss menneske. Også på dette området har idrettslaget ein viktig funksjon. I eit idrettslag skal det vere konkurranse, det er lov å seie at eg trenar for å bli best. Ein skal utfordre både seg sjølv og andre på idrettsbana. Men, i eit breiddeidrettslag som Breimsbygda IL, vil det viktigaste alltid vere at kvar og ein skal oppleve meistring og trivsel saman med andre. Difor er eg veldig spent - og littegrann uroa - for om krisa landet har vore i fører til stort fråfall blant born og unge, og faktisk også i høve tillitsvalde. Mi von er at alle bidreg til at denne uroa viser seg å vere ugrunna. Idrettslaget treng aktive born og unge - og born og unge treng eit aktivt idrettslag. Sjølv om dugnadsviljen er stor i bygda, er det ofte dei same folka som ber tyngste børa, gjerne og på tvers av ulike organisasjonar. Alle kan ikkje gjere alt, men alle kan gjere litt. Difor vonar vi på positive svar når vi igjen vil trenge å «fylle på med mannskap», enten vi spør om tillitsverv eller meir enkeltståande dugnadsoppgåver. I 2020 har idrettslaget mista tre av sine æresmedlemmer. Per Hjelle, Ingemar Sårheim og Brynjulf Skinlo har alle gått bort i løpet året. Vi sender ein ekstra tanke til familiane deira. Vi er svært takksame for det arbeidet desse tre har gjort for idrettslaget og for bygda. Bjarte Gangeskar Leiar hovudlaget Basarleiar Sigrid Terese Moldestad, med selskap av Bjarne Bø og dei to prisvinnarane Jan Arve Søvde (eldsjelpris) og Kristina Hjelle (stimulansepris). 4 Årsmelding BBIL • 2020
Last ned PDF-fil