Resultat i seriane, Vestlandsmeisterskap, NM og Nordisk laurdag 5. september. Seriane NVF har både ein lagserie i vektløfting (rykk og støt). Og ein 5-kampserie med eit løp, eit hopp og eit kast i tillegg, 40 m med liggande start, 3-hopp og Liakov/kulekast med begge hender bakover. 3-5 teljande på laga, litt ulikt ut frå alder og divisjonar. På grunn av pandemien vart 5-kampserien heilt avlyst, og av lagserien vart berre gjennomført omgang 1 (jan-febr.) og ein utvida omgang 4 (juli-okt.). Julia vann klasse 59 kg med nye norske juniorrekordar på 71 kg i rykk, 86 i støt og 157 kg samanlagt. Det gav ho i år som i fjor bestepremien poengmessig på jentesida. Elles gull til Vilde Sårheim i klasse 81 kg og 5. og 6. plass til Anna Wiik og Emilie Kolseth Jensen i 71 kg. Julia, Vilde og Emilie utgjorde juniorlaget i Lag-NM, som tok BBIL sitt første gull i eit Lag-NM! Nytt av året var at NM lag for ungdom, junior og veteran ikkje vart eige NM i lag med senior, men gjennomført i lag med individuelt NM i desse aldersgruppene. Breimsbygda fekk fylgjande plasseringar i lagserien Nr 4 i 1. divisjon både i kvinner og menn, nr 2 både i kvinner og menn junior, og 4 og 5 i ungdom. Kvinnelaget rykker opp i eliteklassa i 2021 sidan to av laga føre dei var 2. lag som ikkje kan rykke opp. Individuelt på gutesida vart det gull til Bent Andre og sølv til Robert Andre. Når det gjeId gutelag kan ein bruke ei jente. På grunn av fråfall gjekk Anna Wiik inn på gutelaget i lag med Bent Andre og Robert Andre. Ein fin 4. plass til dei likevel. Poengresultata i junior og senior begge kjønn er klart betre enn i 2019, så i alle fall dei beste BBIL-utøvarane har klart å trene godt også i 2020. I tillegg til dei 8 NM-deltakarane som er nemnt nedanfor, hadde fylgjande 8 eitt eller fleire teljande resultat i lagserien: Jenter/kvinner: Kristina Hjelle, Laila T. Bjørnereim, Tilde Sæthre, Nora Barstad og Helle Henriksen Hvidsten. Gutar/menn: Lasse Kårstad, Ole-Kristoffer Sørland og Bjarne Bergheim. Større stemne/NM/Nordisk Generelt: Det blir i vektløfting konkurrert i 10 vektklasser, der målet er å få best samanlagtresultat av øvingane rykk og støt. Det er berre tre forsøk i kvar øving. Vektklassene er oppgitt med høgaste kroppsvekt i kvar klasse. Bestemannspremiar på tvers av vektklasser blir delt ut på grunnlag av internasjonal poengtabell basert på løfta kg i høve til eiga kroppsvekt. I 5-kamp er det i tillegg eit løp, eit hopp og eit kast med eigen poengtabell der alle fem øvingane tel likt. Januar: Vestlandsmeisterskap i Naustdal med seks deltakarar frå Breimsbygda. Julia Jordanger Loen starta året svært sterkt med heile sju nye norske juniorrekordar i klasse 64 kg! Også gull til Bent Andre Midtbø i 89 kg og gull og sølv til Sunniva Nyheim og Emilie Kolseth Jensen i klasse 71 kg. Fellesbilete frå NM junior på Hitra 5.9, framme frå v. Robert Andre Moldestad, Bent Andre Midtbø, Julia Jordanger Loen, Vilde Sårheim. Bak frå v. leiar Ola Bergheim, Anna Wiik, Emilie Kolseth Jensen, trenar Bjarne Bergheim. Oktober: NM 5-kamp skulle gått i september, men vart utsett til helga 3-4. oktober. Breimsbygda var arrangør i Trivselshallen som i fjor, med god hjelpa frå andre lag og NVF. I 5-kampen har vi fem ulike øvingar som poengmessig tel likt: I tillegg til rykk og støt eit løp, eit hopp og eit kast: 40 m med liggande start, 3-hopp med samla bein, og Liakov (kast bak over hovudet med kule). Ein konkurrerer i aldersklasser. Ikkje i vektklasser som ein gjer i den vanlege 2-kampen med rykk og støt. Vektløftardelen galdt også som kvalifisering til nordisk, der både Julia, Robert Andre og Bent Andre klarte krava i sine vektklasser. Februar/mars: Årets NM senior gjekk på Vigrestad i månadsskiftet februar/ mars der Breimsbygda hadde med to juniorar: Det vart bronse til Julia i klasse 59 kg, berre 1 kg bak sølvvinnaren. Robert Andre var i militæret med dårlege treningsforhold, men klarte likevel ein fin 4. plass i klasse 67 kg. April: NM junior korona-utsett til hausten Juni: RM (regionsmeisterskap) 5-kamp og heile 5-kampserien korona-avlyst September: NM junior var utsett frå april til september og gjekk på Hitra Edvin Øygard fekk overraskande og gledeleg bronse menn 24-34 år på NM 5-kamp. 28 Årsmelding BBIL • 2020
Last ned PDF-fil