E ialtirvbbseefatidrges ››› AvDortheaSekkingstad, Elin Bø Morud og Grethe Nina Hestholm Voss herad viser korleis ungdomsskule og vidaregåande skule kan samarbeide om arbeidslivsfaget. Resultatet er at elevane blir meir treffsikre i utdanningsvala sine, og at graden av fullføring aukar. Mange elevar i ungdomsskulen slit med motivasjon, trivsel og oppleving av relevans. Elevundersøkingar og PISA-rapportar peikar på ei negativ utvikling i både læringsresultat og skulemotivasjon for denne elevgrup pa. Skulen blir opplevd for teoretisk og lite meiningsfull. Elevane saknar å bruke hendene, å skape noko og å forstå korleis det dei lærer, faktisk kan brukast i røynda. Arbeidslivsfaget svarar på desse behova ved å gi elevane ein alternativ inngang til læring – gjennom praktisk arbeid og utforsking av ulike yrkesret ningar. I stortingsmeldinga En mer praktisk skole. Bedre læring, motiva- sjon og trivsel på 5.–10. trinn (Meld. St. 34 (2023–2024)) er det eit politisk mål at alle ungdomsskular skal tilby arbeidslivsfaget, og at ein skal sjå det i samanheng med valfag og utdan ningsval. Likevel er det berre om lag 75 prosent av skulane som tilbyr faget, og mange slit med tilgang på kompe tente lærarar og eigna fasilitetar. I Voss herad har dei utvikla ein modell som andre kan la seg inspirere av: eit formalisert og tett samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregå ande skule for utvikling og gjennom føring av arbeidslivsfaget. Gjennom fokusgruppeintervju med lærarar og skuleleiarar som er involverte i sam arbeidet, har vi undersøkt korleis dei organiserer undervisninga i faget, og kva dei opplever som styrkar og even tuelle utfordringar ved ein slik modell (Sekkingstad mfl., 2025). 50 BEDRE SKOLE nr. 3/4 2025 – 37. årgang
Download PDF file