Ei førebuing til vidare utdanning og yrkesliv Arbeidslivsfaget blei innført i læ replanen for ungdomsskulen i 2015 som eit alternativ til framandspråk og språkleg fordjuping. Føremålet med faget er å gi elevane erfaringar med reelle arbeidsoppgåver og yrkesrela terte situasjonar. Gjennom praktisk arbeid får elevane bruke verktøy, materialar og teknologi, lære om helse, miljø og sikkerheit (HMS) og utvikle viktige ferdigheiter som sam arbeid, planlegging og vurdering av eige arbeid. Faget skal òg bidra til å styrkje elevane si forståing for etiske og berekraftige prinsipp i arbeidslivet (Kunnskapsdepartementet, 2020, s. 2–5). Dette gjer arbeidslivsfaget til meir enn berre eit praktisk fag – det er ein arena for å utvikle både faglege, sosiale og personlege kompetansar som er avgjerande i vidare utdanning og yrkesliv. Arbeidslivsfaget har slik sett ein sentral funksjon i å førebu elevane på vidaregåande opplæring, praktisk allmenndanning og framtidig deltaking i arbeidslivet. Eit førebilete i samarbeid Det som gjer Voss herad til eit føre bilete i utviklinga av arbeidslivsfaget, er korleis dei har klart å etablere eit strukturert og langsiktig samarbeid mellom ungdomsskule og vidaregå ande opplæring. Samarbeidet starta allereie i 2005–2006, før arbeidslivs faget blei ein del av læreplanen, og har vakse fram over tid gjennom strategisk planlegging. Initiativet kom frå ein lærar med Rettleiing under førebuinga av trerettars middag til foreldre og sysken. FOTO: GRETHE NINA HESTHOLM erfaring frå både ungdomsskule og vidaregåande opplæring som såg mog legheiter til å kople dei to skuleslaga tettare saman. Det heile starta med tekniske fag, men har sidan utvikla seg til å omfatte alle dei ni yrkesfag lege utdanningsprogramma som blir tilbydde ved dei to vidaregåande sku lane i kommunen. I dag deltek to av tre ungdomssku lar i kommunen i samarbeidet med dei vidaregåande skulane, og modellen er godt etablert og forankra i både skule leiing og lærarkollegium. Ein strukturert modell for utforsking og fordjuping Modellen er bygd opp slik at elevane får ei gradvis og systematisk innføring i ulike yrkesfag. 1 På 8. trinn får elevane prøve alle dei ni utdanningsprogram ma, med 4–5 veker på kvart fagområde. Elevane får ein smakebit frå alle faga, noko som gir både breidde og innsikt. På 9. trinn vel dei tre til fire fag dei ønskjer å fordjupe seg i, og får dermed 10–11 veker til kvart fag. På 10. trinn har elevane berre eitt programfag som dei følgjer gjennom heile skuleåret. Undervisninga føregår i små grup per på 15 elevar og kombinerer prak tisk arbeid i verkstader og kjøkken med teoretisk undervisning. Det unike er at både den praktiske og teoretiske delen blir gjennomført av faglærarar frå vidaregåande skule, noko som sik rar høg fagleg kvalitet og autentiske læringssituasjonar. Modellen gir elevane høve til å utforske ulike yrkesretningar, utvikle praktiske ferdigheiter og bli kjende med vidaregåande skulemiljø – alt innanfor ramma av eit strukturert og forpliktande samarbeid mellom sku leslaga. Lærarane som underviser i ar beidslivsfaget framhevar at læreplanen BEDRE SKOLE nr. 3/4 2025 – 37. årgang 51
Download PDF file