RUTINAR FOR BRUK AV SLAMKOMPOST INNAN LANDBRUK GRUNNLAG FOR AVSETNING: Slamkompost avsettast bl.a til jordforbetring innanfor landbruk. For landbruk skal det sendast inn slammelding til landbruksavdelinga/ miljøretta helsevern, i den kommunen landbrukskomposten skal leverast til. Kommunen har 14 verkedagar å svare på slammeldinga. Slamkomposten skal moldast ned innan 18 timer etter spreiing og det er den som brukar produkt med slam som har ansvaret for å utarbeide og levere slammelding. Renovest utarbeidar ein oppdatert varedeklarasjon, basert på analyser tatt av den aktuelle batchen, som skal følge med i slammeldinga. I tillegg skal det leggjast ved kart, der ein har skravert det området lanbrukskomposten skal spreiast på. Kart finn ein på nibio.no. Dersom det er utført jordanalyser, skal også desse leggjast ved . MELDESKJEMA FOR BRUK AV AVLAUPSSLAM: Følgjande informasjon må hentast inn for å kunne sende inn slammelding: TEKST I MELDESKJEMA Opplysningar om søkjar: KOMMENTAR Skriv inn namn, adresse, postnr./stad, tlf. nr. og e-post Meldinga gjeld: Kryss av for om det er spreiing, mellomlagring, deponering eller anna Opplysningar om arealet der slammet skal nyttas: Skriv inn, Gnr/Bnr., kor stort arealet er i daa, kva slags jordtype, kva miljøkvalitet (blir sjeldan bruka), historisk bruk av arealet, dagens bruk av arealet og kryss av om det er tatt jordanalyser, er det tatt jordanalyser skal dei leggjast ved Beskrivelse av nærområdet: Avstand til vassdrag (gjeld bekk, elv og vatn), avstand til drikkevatn, avstand til naboar, anna (påpek gjerne at du legg det lengst mogleg frå naboar). Opplysningar om bruk av slam: Kryss av for om det er brukt slamkompost på arealet tidlegare, når og kva mengd ts/daa (hugs at det er 10 års sperrefrist dersom ein brukar 4 tonn ts/daa.) Skriv inn ynskja mengde slam (dersom det er klasse 1 slam kan ein bruke 4 tonn ts/daa og ved klasse 2 slam kan ein bruke 2 tonn ts/daa)
Last ned PDF-fil