Kvifor er det viktig at barnehagen og foreldra samarbeider godt? Samarbeidet mellom foreldre og tilsette har mykje å seie for korleis barnet opplever kvardagen i barnehagen. Forsking viser at jo betre forholdet er mellom dei tilsette og foreldra, desto betre blir relasjonen mellom dei tilsette og barnet. Kva inneber eigentleg eit godt samarbeid og kva kan foreldra Kva er eit godt foreldre- tilføre barnehagekvardagen? samarbeid Foreldra er dei viktigaste personane i livet til barnet for deg? og sentrale samarbeidspartnarar for barnehagen. Barnet ser på reaksjonane til foreldra for å akseptere nye menneske. Når foreldre og personale har det bra saman, opplever barnet det som ei stadfesting på at barnehagen er ein trygg og god stad – samarbeid til beste for barnet! Eit velfungerande foreldresamarbeid er ein viktig føresetnad for kvalitet i barnehagen. 2 Samarbeid mellom heim og barnehage Lovverk Barnehagelova og forskrifta Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver gir ulike retningsliner for samarbeidet mellom heim og barnehage. Der står følgjande: «Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. barnehagelova § 1. Barnehagen skal vareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra, jf. barnehagelova §§ 1 og 4. Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg.» Dette inneber at barnehagen må gi foreldra høve til å delta og påverke. Foreldra skal få god informasjon om det pedagogiske tilbodet. Samstundes er det viktig at dei deltek og bryr seg om det heilskaplege barnehagetilbodet. God dialog er den kanskje viktigaste nøkkelen til suksess. Det er først og fremst den daglege kontakten som fremjar kvaliteten for det enkelte barn. Møt kvarandre med gjensidig openheit og respekt. Det skal vere rom for konstruktive tilbakemeldingar. Barnehagen kan ikkje innfri alle ønskje og behov, men skal lytte og sørgje for at forventingane blir avklarte på ein god måte. Eit godt samarbeid mellom heim og barnehage er basert på ei gjensidig forståing for at begge partar sit med kunnskap og erfaringar som kan vere til hjelp i arbeidet med barnet. Rammeplanen slår fast at det er foreldra som har ansvaret for oppsedinga av barnet. Det er viktig å hugse på at sjølv om barnet har profesjonelle vaksne rundt seg i barnehagen, er det framleis foreldra som kjenner barnet best og er ekspertar på eige barn. Samarbeid mellom heim og barnehage 3
Last ned PDF-fil