og i intervjua med barna kjem det fram at opplevinga av vennskap og det å bli inkludert i leik er avgjerande for at barna skal trivast i barnehagen. Det er difor heilt nødvendig for vaksne å vere til stades og engasjere seg i leiken til barna. Det er avgjerande at foreldre og tilsette snakkar og jobbar saman for å få slutt på mobbing og krenkingar, og at det blir laga ein plan for korleis slike problem kan førebyggjast, avdekkast og stoppast. FUB er oppteke av at opplevingane og kjen- slene til barna og den som blir mobba, blir teke på alvor. Arbeidet mot mobbing må vere eit gjennomgåande tema i barnehagekvardagen Grunnlaget for seinare skulegang og yrkesliv blir lagt i barnehagen. Førebygging av mobbing må difor starte tidleg, slik at barna utviklar gode haldningar og samspelsmønster både her og no og vidare i livet. FUB er med i Partnerskap Mot Mobbing,. . som skal bidra til å styrke leiarar og barnehagar og å spreie kompetanse og kunnskap.
Last ned PDF-fil