Kva er Foreldreutvalet for barnehagar (FUB)? FUB er eit nasjonalt og sjølvstendig organ som fungerer som høyringsinstans for Kunnskapsdepartementet i barnehagerelaterte saker. Kva gjer Foreldreutvalet for barnehagar? Utvalet gir råd og rettleiing til foreldre, tilsette og offentlege instansar i spørsmål som gjeld samarbeid mellom heim og barnehage. • FUB har som hovudmål at samarbeidet mellom heim og barnehage skal bidra til at kvart barn – uansett funksjonsnivå, sosial, økonomisk og etnisk bakgrunn – får eit best mogleg tilbod i barnhagen. • Eit godt samarbeid med foreldra kjem barna til gode i form av større tryggleik og trivsel i barnehagen. • Arbeidet som FUB gjer, skal styrkje engasjementet blant foreldra og gi dei større innflyting ibarnehagane. FUB sine hjartesaker FUB er oppteke av mange forhold i og rundt barnehagen, og har sett seg ut følgjande hjartesaker for utvalsperioden 2020–2023: Bemanning Overgangar Psykososialt miljø Kva kan FUB bidra med? • FUB gir råd og rettleiing til foreldre som har barn i barnehage • FUB stiller med gratis opplæring og foredrag til foreldre, tilsette og barnehageeigarar • FUB gir gratis tilgang til informasjonsfilmar, Meld deg på brosjyrar og anna materiell til bruk for vårt nyhetsbrev! foreldre og tilsette i barnehagen Foreldreutvalgene.no Følg oss i sosiale medier: Foreldreutvalgene.no E-post: post@fubhg.no Tlf: 477 99 200
Last ned PDF-fil