FUB anbefaler Når eit barn byrjar i barnehagen, er det ein stor overgang både for foreldra og barnet. Dermed er det berre naturleg at foreldra er mest opptekne av sitt eige barn den første tida. Foreldra skal vere ein likeverdig og aktiv samarbeidspartnar for barnehagen. Dette krev at foreldra allereie ved oppstart i barnehagen får god informasjon om rettane og ansvaret dei har i foreldrerådet og samarbeidsutvalet. Foreldreutvalet for barnehagar, FUB, har laga to informasjonsfilmar. Éin film kan brukast på foreldremøte og éin film kan brukast som opplæring i SU. Desse filmane gir foreldra god informasjon. Gode rammer Gode rammer for arbeidet i foreldrerådet og samarbeidsutvalet er ein føresetnad for å skape engasjement og aktivitet. Her er døme på tiltak som kan vere med på å gi arbeidet struktur: • Vedtekter for foreldrerådet og samarbeidsutval • Årshjul med faste saker • Møteplan for heile året blir sett opp på første møte • Tenk gjerne på at samansetnaden i ulike fora bør vere variert når det gjeld til dømes kva interesser, bakgrunn, tilhøyrsle, bustad og erfaring foreldra har • Møtereglar • Saksgang: Foreldreråd > FAU > Samarbeidsutval > Eigar I kommunale barnehagar: Administrasjon > politisk styre I private barnehagar: Eigar/selskap/organisasjon Skap eit godt samarbeidsklima ved å vere opne og vise tillit til kvarandre. Etabler gode rutinar for behandling av saker og handtering av klager. 5
Last ned PDF-fil