Foreldreutvalet for barnehagar Lovverket Samarbeidet mellom heim og barnehage er nedfelt i barnehagelova: § 1: FORMÅL Barnehagen skal i samarbeid og semje med heimen sørgje for at barna får dekt behova sine for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. § 4: FORELDRERÅD OG SAMARBEIDSUTVAL For å sikre samarbeidet med heimane til barna, skal kvar barne- hage ha eit foreldreråd og samarbeidsutval. Foreldrerådet, som består av foreldra til alle barna, skal fremje dei felles interessene til foreldre og barn og bidra til at samar- beidet mellom barnehagen og foreldregruppa skaper eit godt barnehagemiljø. Dersom det i forskrift etter § 15 er sett ei øvre grense for foreldrebetaling, er det berre foreldrerådet som kan samtykke til foreldrebetaling utover dette. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgivande, kontaktskapande og samordnande organ. Foreldre og tilsette i barnehagen vil vere likt representerte i utvalet. Eigar av barnehagen kan delta etter eige ønskje, men ikkje med fleire representantar enn kvar av dei andre gruppene. Barnehageeigaren skal sjå til at viktige saker blir lagde fram for foreldrerådet og samarbeidsutvalet. 4
Last ned PDF-fil